History
-
Galeasen "Makrellen" var bygd på Halsnøy i 1907. Skuta var ca. 70 fot og hadde ein lastekapasitet på 22 tonn. "Makrellen" vart ført direkte frå verven til Ølen etter at ho var bygd. Eigar av skuta var kaptein Johannes Lunde som dreiv godt som småbåt-reiar, og "Makrellen" var hans første skute. I 1912 fekk skuta installert ein 24 hk hjelpemotor.
Skuta var bygd for makrell- og dorgefiske på Nordsjøen, men vart òg nytta til selfiske. I 1916 selde Johannes Lunde "Makrellen" til ålesundaren Karolius Klubbenes, som hadde vore del av mannskapet, og skuta vart sidan drive med Ålesund som heimebase.
I 1921 råka Makrellen isen og forliste. Heile mannskapet vart berga.
------------------------
Originalbiletet er eit gammalt måleri, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1985 (ca.)
Datering for maleriet er ukjend; antatt ca. 1910.- FotografHeggen, Endre
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00055-07
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMay 5, 2021
- Date updatedMay 5, 2021
- DIMU-CODE021019718106
- UUID347aac3c-867b-44fb-b013-2b39fa56af41
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».