History
-
Tekstutdrag som følger med biletet:
"I Trovåg var det starta med landhandel i 1904, men det kom både dampskipsanløp og post i 1882. Trovåg Mølle var bygd i 1880 og har vore i drift i nesten hundre år. Møllebruket ligg noko lengre oppe til høgre for biletet, men sjøhuset midt i biletet og det vesle huset til venstre høyrde til møllebruket. Det var Johan Knutsen som grunnla Trovåg Mølle - han dreiv òg ei smie og ymse anna.
Stener Johannesen Trovaag tok til med butikk i Trovåg - fyrst i det vesle grå huset midt på biletet; seinare bygde han det store kvite huset til høgre. Her vart det drive butikk fram til 1958 - den siste som handla i butikken var Mathilde Svendsbøe.
Eigedommen øvst i biletet var eit gardsbruk som Stener Johannesen Trovaag var eigar til I dag er denne eigedommen hytteplass."
----------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1910 (ca.)
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00052-08
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMay 5, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE021019718069
- UUID6f4c7c15-657f-415a-9233-edeae44ae009
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».