History
-
Tekstutdrag som følger med biletet:
"Vikestølen har lenge vore eit poulært turmål for folket i Bjoa og Vikebygd. Den årlege Vikestølstemna tok til så tidleg som i 1900. Dette biletet er frå 1916 ved den gamle stølshytta på Vikestølen - kanskje er det nett ei Vikestølstemne det gjeld denne dagen? Det ser ut til at det er dravle eller liknande som flokken her er i ferd med å nyta. Legg elles merke til dei flotte hattane som var i bruk den gongen."
----------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1916
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00052-07
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMay 5, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE021019718066
- UUIDd0c95754-ad77-4888-9f1d-58c522237b63
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».