History
-
Bautasteinen vart funnen ved løa på garden Bakkjen i Utbjoa og reist på plassen av bygdefolk. Under arbeidet med å få steinen opp skjedde eit uhell slik at steinen gjekk av eit stykke opp frå midten. Men bautasteinen vart lappa fint saman att. Føregangsmenn i arbeidet var Nils Rishammer, Ola Solheim og Peder Svalland.
Steinen markerer minne om fridomsverket i landet 17. mai 1814.
Personane på biletet, etter nummerering (sjå biletet):
1. Kolbein Larsen Øvrehaugen
2. Lars Larsen Eikehaugen jr.
3. Bernt H. Utbjo
4. Peder T. Svalland
5. Kaia H. Nilsen Innbjo
6. Magda Helgesen Toadalen
7. Stina Larsen Lønning
8. Ivar G. Rotvold
9. Ole K. Utbjo
10. Lars Helgesen Utbjoe
11. Andreas Throndvik
12. Ingebrigt Kolbeinsen Midtteigen.
13. Pauline Nilsen Rishammer
14. Marie Larsen Ørehaugen.
----------------------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: May 17, 1914
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00041-02
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMay 5, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE021019717870
- UUIDccb187a6-ecee-42b4-a64c-c6d26e8ed3cc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».