History
-
-
Tekst til biletet:
"Det høyrer ei histore med til anleggsarbeidet. Ein dag medan dei stod der og arbeidde med å leggja steinar på plass på kaien, glapp ein stor stein ut or kjettingen og fór
rett i sjøen. Då var det at ein av karane som for moro ba Peder Kvamme, som var van med sjøen, om å hoppa uti og freista slå kjettingen rundt steinen for å få han opp. Til alle si store undring let ikkje Peder Kvamme seg be to gonger, men kledde av seg til skinnet og stupte uti. Ingen hadde trudd at han ville hoppa, så ein vart nok litt redde for at det ikkje skulle gå så bra. Men Peder Kvamme fekk kjettingen rundt steinen under vatnet, og ikkje lenge etter var steinen oppe på land.
- A.M."
---------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
-
Fotografering - 1905 (antatt ca.)
- Fotograf Ukjent
-
Produksjon - 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985. - Samlingsskaper Heggen, Endre
- Reprofotograf Heggen, Endre sikker
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VHS-F.00031-04
- Part of collection Karmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collection Haugalandmuseet
- Institution Haugalandmuseet
- Date published March 9, 2021
- Date updated November 25, 2021
- DIMU-CODE 021019664603
- UUID 99a9ed92-f042-436b-8f3f-1d29f4798835
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».