History
-
Tekst som fylgjer med biletet:
"Slik såg det ut på Innbjoa kai i 1905 der Tor Buo Johannessen tok til med landhandel i slutten av 1890-åra. Han handla fyrst ei kort tid i eit naust i Utbjoavågen i lag med ein brorson -- men kom seinare til ein stad i nærleiken av Hammaren i Apalvikvågen. Så flytte Tor Buo huset sitt derfrå til Innbjoa. Ikkje lenge etter kom det fast båtanløp, postopneri og telefonstasjon på Bjoa.
Butikken var i kjellaren i bustadhuset til høgre og i huset til venstre var det bakeri. Dei to personane i bakaruniform er Erik Johannesen - onkel til noverande eigar Erling Johannessen - og Teodor Lie - svoger til Erik. Dei kvinnelege innslaga i biletet er ukjende - kanskje døtrene til gamle Tor Buo. Kona til Tor Buo, Asselina, står på trappa til bustadhuset. Mannen i båten er Tor og mannen på kaien er Søren Innbjo, som murte kaien der i lag med ein svenske.
Til venstre i biletet er båtstøo og der stod eit naust som Tor dreiv handelen sin i medan han bygde på staden.
Huset i midten er ikkje til å ta feil av. Denne 'gamaldoen' hadde to rom - og det eine kaltes for 'prestadoen'. Det hadde seg slik at når presten kom frå Fjelberg til Bjoa i forretningar så hadde han fast tilhald i huset hos Tor Buo. 'Prestesalen' heitte eitt av romma i huset. Og presten skulle ha sitt eige avtrede som var disponibelt berre for han - og då var namnet gitt - sjølvsagt.
I dag er det tredje generasjon - Erling Johannessen - som driv landhandelen her."
---------------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1905
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00016-05
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMarch 9, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE021019664466
- UUIDe77052a9-1800-4f6c-a03b-39f9feec80a5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».