Torget 2 mot Eitrheimsvegen er det eldste bygget som står i dag. Frå 1850-åra og fram til 1910 sto det ei toetasjes bu her. Den hadde gavl mot sjøen og var korn- og saltlager for h ...
Torget 2 mot Eitrheimsvegen er det eldste bygget som står i dag. Frå 1850-åra og fram til 1910 sto det ei toetasjes bu her. Den hadde gavl mot sjøen og var korn- og saltlager for handelsmannen i Kremargarden. Torget 4 mot sjøsida var tidlegare HSD (Hardanger Sunnhordalandske Dampskipsselskap) sin hovudbase i Indre Hardanger. Rutebåtar hadde knutepunkt her, så her var eit yrande liv. Bygget mot sjøen var først i ein etasje, men blei bygd på til to etter som aktiviteten auka.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».