History
-
-
Frå 1957, då nye Odda rådhus stod ferdig, og til 1974 gjekk utflytting og forfall på det gamle rådhuset (hotellet) hand i hand. Sjøfløyen vart riven i 1973, og dermed var den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstod som noko amputert.
I aller siste liten vart det gjort eit krafttak for å berga det tradisjonsrike bygget for ettertida. Ein fekk tilskot frå Norsk Kulturfond til utarbeiding av ein plan for restaurering og framtidig bruk av rådhuset. Arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker arbeidde ut restaureringsplanen. Kostnadsoverslaget lydde på ca. 5 milionar kroner. Men med 27 mot 17 røyster vedtok kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) straks skulle rivast. Høyer-Ellefsen A/S tok på seg jobben for kr. 400 000.
Den 8. november 1976 tok dei til med rivinga av rådhuset og i juni 1977 var det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.
-
Placement
License information
Metadata
- Identifier I-08352
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published February 19, 2021
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 021019523747
- UUID 4b09cf37-14af-4ee5-b5c8-e39e0ce1c66a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».