History
-
-
Det følger eit handskrive notat til biletet, skrive av eigar av originalbiletet, Helga Rotvold. Notatet er her gjengjeve slik det er skrive; rekkefølga/samanahengen mellom namn og personar på billetet er ukjend:
"Brudeparet Halvard - Ingeborg Kvamme. Bent og Sara Kvamme. Brudgommens foreldre. Antagelig Brudgommens bror med hustru. (Ukjent). Salamom Alne, hans mor Britta Alne. Knut Rotvold. Anders Alne. Gudmund Arvik. Ivar Rotvold. Marta - Nils Alne. Ola Svendsbø. Inga Svendsbø (Kvamstø). Lars Kvamme - Søren Osmund Kvamme. Serine Kvamme (Selsås). Per - Margrete Eikesdal med datter Helga Eikesdal. Inger Tindeland. Anna-Marie Kvamme. Ingeborg Svendsbøe (Kvamstø). Ola Birkeland. Lena Alne. Hansine Kvamme. Cicelie Kvamme. Marie Kvamme. Sofie Gresvik. Lars Steinsland. Ane Kvamme. Det er disse som er nemd det lar sig gjøre og kjenne igjen da billede er så utydelig. En del er antagelig fra Bjoa hvor brudgommen slekter fra og er derfor ukjente."
- Helga Rotvold, Vikebygd
-------------------------------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
Først i vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
-
Produksjon - 1985
- Samlingsskaper Heggen, Endre
- Reprofotograf Heggen, Endre sikker
-
Fotografering - November 8, 1901
- Fotograf Ukjent
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VHS-F.00002-02
- Part of collection Vindafjord historiske samlinger
- Owner of collection Testmuseum
- Institution Haugalandmuseet
- Date published December 24, 2020
- Date updated November 25, 2021
- DIMU-CODE 021019270396
- UUID 12b2e232-fff4-43d0-b34c-9cceef9a9f10
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».