Aall-Ulefos Brugs dørfabrikk.

2 comments

  • I denne tråden på FB :(https://www.facebook.com/groups/471652442884745/permalink/3799358396780783 )

    har to/tre profilar meint å kjenne att Olaf Johnsen, Heisholt på Ulefoss som mannen ved fresemaskina, Truleg freser han her ut for låskasse i langkanten av dørbladet. Synd vi ikkje kjenner årstalet her. Truleg er ikkje dette frå fyrste dørfabrikken som brann sist i oktober 1949. Her stod ein del nyinnkjøpte svenske treforarbeidingsmaskiner som alle gjekk tapt. Etter denne maskina (heilt i byrjinga av 1960-talet?) kom ein kombinert kjedestemmar/bormaskin som gjorde dette arbeidet. Maskina følgde før 1978 med frå dørfabrikken på Ulefoss til den nybygde på Sagamoen, Tyri i Landsmarka. Den nye produksjonslina der greidde likevel ikkje automatfrese alle brann-/spesialdører. Så kjedestemmar/bormaskina vart framleis nytta til slike dører ved sida av standarddørane. Truleg heilt til Svenska Dørr AB/ Swedoor la ned drifta kring 1992 (og heldt på noko norsk produksjon og montasje på Gran og i Moss for å kringgå konsesjonsvilkåra som var meint å hindre uvenleg oppkjøp med nedlegging som siktemål)

  • Litt meir om personen på fotoet: Olaf - skreiv Olav Johnsen fødd 12.januar 1905 på Ulefoss, gift med Astrid Høydalen i Solum 8. november 1941, budde på Heisholt på Ulefoss til han døydde på Telemark sentralsjukehus 28. november 1983. Minst ein av sønene hass arbeidde også på dørfabrikken. Sjå og: http://www.holla-og-lundeslekt.org/slekt/showIndividual.do?IId=16343

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to