History
-
I artikkel i Statens vegvesen i Møre og Romsdal sitt interne magasin "Veg og Virke" nr. 3/1983 – forfatter: Asbjørn Gardsjord. Foto: Bergefilm, står følgende skrevet:
"Flytting Foss nye jernbaneundergang:
Døgndrift – god stemning – litt spenning
571 tonn betongkulvert blir skuva 24 meter. Klar for ny jernbanetrafikk i løpet av 41 timar. Etter 37 timar var alt klart frå vår side. Og NSB kunne ta til med skinnelegginga.
Sundag kveld den 7. august ved 20- tida kunne vi reise heim. Neste morgon fekk vi beskjed. Skinnene var på plass ved midnatt, fire timar etter at vi hadde «levert» fyllinga. Fem timar før jernbanelina måtte vera køyrbar.
Dei fleste av ≪Veg og Virke≫ sine lesarar kjenner truleg til flyttinga av Foss nye jernbaneundergang, operasjonen blei fyldig omtala i avisene og seinare var det innslag i ≪Norge Rundt≫. Vi finn det likevel rett med eit tilbakeblikk her i vår eiga avis.
Flaskehals — metodeval
Stutt oppsummert: Foss gamle jernbaneundergang hadde fri høgde på 3,70 meter, ein flaskehals på E69. Vegvesenet hadde lagt opp til noko omlegging av vegen, med undergang nærare Rauma.
På grunn av flomvasstanden i Rauma kunne ein ikkje gå lågere med vegen. Jernbanelina var og avgjerande for kva slags metode som her blei vald. Jernbanebrua over Rauma gjer at lina er svært fastlåst. Høgda ein hadde til disposisjon var difor minimal. I samarbeid med NSB og Bruavdelinga i Vegdirektoratet fann ≪våre≫ folk tram til metoden som blei vald:
Bortgraving av jernbanefyllinga, innflytting av ferdig støypt betongkulvert og deretter tilbakefylling av jernbanefyllinga. Oppdraget med å støype den 571 tonn tunge betongkulverten blei gitt til Måndalen Bygg.
Etter avtale mellom NSB og Vegvesenet var flytteoperasjonen planlagt til helga 6.-7. august. Og 46 timar var til disposisjon, frå siste tog passerte til neste skulle gå.
Grundig planlegging
Få anleggsoperasjoner har vore betre planlagt i detalj enn flyttinga av Foss nye jernbaneundergang, blei det sagt før og i løpet av denne hektiske flyttehelga. Og nett den solide planlegginga var vel føresetnaden for at ein kunne improvisere trygt og vellukka undervegs.
Avdelingsingeniør Jan Patter Jenssen sitt tidsskjema forutsette at operasjonen var fullført fra vegvesenet si side sundag klokka 13.00, men det skjemaet hadde ikkje rom for uforutsette vanskar. Vi hadde «råd til» at det stramme skjemaet sprakk, men det var ikkje mange timane som kunne fare før presset kom.
Ved 01-tida natt til sundag kravde NSB garantiar — dei måtte vere trygge på at nattoget til Åndalsnes mandag morgon kunne passere. Garantiar kunne vi Ikkje gje, men om så flyttinga skulle gå ståI mot ståI — vi skulle klare det. Bestemt kunne driftssjef Vollset seia: — No er det ingen veg utanom.
Jamn og god flyt
Laurdag morgon kl. 06.50 — straks nattoget hadde passert til Bjorli, tilbake frå Åndalsnes — var alt som omskapt. Alt og alle var igang. Eit flott syn, jamn og god flyt. I løpet av fire timar skulle jernbanefyllinga vere utgraven. Og Jenssen sitt femte reviderte skjema heldt. Ikkje noko uforutsett i fyllinga.
Setningsproblem
Men byggegropa dissar, setningar. På plass med fiberduk og grus. Etter skjemaet — tidsspørsmålet ikkje viktigaste nett då. Det avgjerande er om grunnen er tilfredstillande. Vi kan berre slå fast — at uansett mottiltak — setningsproblema fylgde oss til undergangen var på plass sundag morgon kl. 04.00.
Fyrst var det meininga at stålrammene med armering og flytteskinne skulle lyftast på plass med mobilkran. Prøvde likevel med gravemaskin — på grunn av den dårlige grunnen. Men måtte berre oppgje det forsøket. Stålrammene for tunge og uhandterlege. Etterkvart hadde nok og byggegropa sett seg noko. Mobilkrana blir køyrd inn i ytterkant, og utlegging av armering kunne ta til — fire rammer, to på kvar side.
Krav til betongen
Betongen — fundamentet — krav til betongen — som undergangen skulle skuvast inn på, måtte bli sterk på kort tid. For å få til dette blei det tilsett akselrerande stoff. Vi nytta svært varm betong, ca. 30°C, — ekstra mykje sement. Og steamrøyr var innstøypte i rammene slik at betongen blei tilførd ytterlegare varme. Og kontroll høyrde til. «Stadig prøver».
Klokka 22.00 laurdag kveld var det klart for sjølve flyttinga. Eit høgdepunkt som stadig hadde måtta bli utsett i løpet av kvelden. Men publikum venta med tolmod, og fylde oss utetter natta. Grovt reknar vi med at tusen var innom i løpet av helga.
Debut
Spenning — heldt vi pusten? Ein debut også for flytteentreprenøren Stensli Mek. Verksted. Varsamt — dei fyrste sentimetrane gjekk berre greitt. Halvmetrane passerar og fint. Vi flytter på teflonbrikker. Berre ein liten del av skuvekrafta på 50 tonn, blir nytta. Tilstrekkeleg med ca. 10 tonn.
Ved midnatt melder vanskane seg. Setningsproblema når oss. Teflonbrikkene toler Ikkje den enorme belastinga. Stadig er gjengen fra planavdelinga inne. Nivelleringsarbeidet er sentralt i heile operasjonen. Her kan det ikkje aksepterast mange millimeters avvik. Varsamt lirkast det vidare. I verste fall far det køyrast stål mot stål, det innstøypte i kulverten mot det innstøypte i solen, fundamentet. Sjølve flyttinga tok seks timar, fire meir enn rekna med. Gysinga og tilbakefylling av masse tar til. Masse skal på plass i og kring kulverten. Med plastvibratorar stabillserar vi. Ved elvesida nyttar vi transportband for påfylling av masse.
Roleg sundag
Utetter sundag er det roleg og avslappa; berre den jamne framdrifta mot fullføring i ein solrik og varm haustdag. Dei kring 40 — innleigde og eigne — kunne med ære reise heim, ikkje alle hadde vore i arbeid heile tida, det var framdrifta og kva jobb ein skulle gjera, som avgjorde når ein matte vera «operasjonsklar». Sikkert slitsomt å stå på på denne måten, vera disponible etter stadig nyreviderte framdriftsskjema, men for alle var det nok el ekstra glede også — å få vere med på anleggsdrift som «svingar» gjennom døgn.
30. august blei den 1100 meter lange parsellen med Foss nye jernbaneundergang som midtpunkt, sett under trafikk. I midten av oktober — same tid som «Veg og Virke» kjem ut — er videofilm fra flyttinga ferdigprodusert. Filmen er produsert av Bergefilm — etter oppdrag og i samråd med Vegvesenet i Møre og Romsdal.»
Fotografering: August 6, 1983 - August 7, 1983
- FotografBergefilmsikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 15-F-00757
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedOctober 27, 2020
- Date updatedMay 13, 2021
- DIMU-CODE021018850553
- UUIDc539d07e-2236-4be5-b692-71eec3f5492f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».