Jordajenta Marta Viga gifte seg med jelsabuen Sven Thorsen i 1860. Dei budde på Jelsa og på Høle før dei kom til Viga og overtok bruket i 1875. Kring 1890 gjekk dei til fotograf Gr ...
Jordajenta Marta Viga gifte seg med jelsabuen Sven Thorsen i 1860. Dei budde på Jelsa og på Høle før dei kom til Viga og overtok bruket i 1875. Kring 1890 gjekk dei til fotograf Greve i Stavanger og tok familiebilde. Dei to yngste i framgrunnen er Marta til venstre og Teodora. Olava står mellom foreldra Marta og Sven, og dei fire største bak er frå venstre Mallin, Karen, Tore og Østen. Marta hadde fødd også fem andre born til verda, men dei var no døde. Dei siste dødsfalla var døtrene Ingeborg og Simonine, som døydde på same dag i 1889, 12 og 18 år gamle.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».