Bruket Porsmyrå - eller helst berre Myrå - i Erøynå var opphavleg eit folgebruk under Austre Erøynå, teke opp kring 1840. Men då dette biletet vart teke - tidleg på 1900-talet - va ...
Bruket Porsmyrå - eller helst berre Myrå - i Erøynå var opphavleg eit folgebruk under Austre Erøynå, teke opp kring 1840. Men då dette biletet vart teke - tidleg på 1900-talet - var det jekteskipperen og "gründeren" Lars Larssen Jårvik, som åtte Myrå. Han var gift med ei yngre dotter i Austre Erøynå, Dorte Erøy. Lars Jårvik sette i gang med litt av kvart, både tønnefabrikk og krambu. Tønnefabrikken ser vi til venstre i biletet her. Butikken ligg ved sjøen midt i biletet, og framfor denne ein spønadongje. Naustet framfor butikken tilhøyrde òg Myrå. Ola Dahl, som kom til Erøynå som bøkker, budde sidan i krambuå. Lars Jårvik gjekk konkurs og alt vart selt ut midt på 1920-talet (sjå meir s.xxx).
Lars Jårvik hadde òg fleire fartøy i si tid. "Sluppen", som dei sa, ligg til kai ved tønnefabrikken. Det offisielle namnet var "Havhesten". Han åtte òg dampbåten "Erøen" ei tid. Steson hans, reketrålaren Ludvig Erøen, hadde dette fartøyet sidan.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».