• Fotografi som viser Helge Væringsaasen (1836-1917) si boksamling. Denne inneheld over 60 000 antikvariske bøker, og vart på byrjinga av 1900-talet rekna som den største private boksamlinga i Norden. Væringsaasen var kjend som skogeigar, venstrepolitikar, og folkeopplysingsmann. Han var tidleg ute med å flagge det norske flagget, og var elles politisk engasjert i målsak, fråhaldssak og skyttarsak. I 1917 vart det oppretta eit fond til minne om sonen hans på ein million kroner. Avkastinga skulle nyttast til oppretting av folkehøgskule, og elles nasjonale, sosiale, kulturelle og ideelle føremål. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Helge_V%C3%A6ringsaasen (Lesedato: 27.08.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Helge Væringsaasen i boksamling

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to