• Fotografi av Ragnhild Hald, som Ragnhild i teaterframsyninga "Medmenneske". Stykket baserer seg på ein roman av Olav Duun med same tittel, som utgjer fyrste bok i ein romantrilogi. Denne romanen kom ut i 1929. Her møter vi bonden Håkon, kona Ragnhild, og den vonde svigerfaren til Ragnhild, Didrik Dale. Den moralske konklusjonen i romanen er at "det vonde drep ein ikkje med øks." Regissør for stykket var Knut Hergel, medan Lars Tvinde spelte rolla som Didrik Dale, og Johan Norlund spelte Håkon. Premieredato var 31. august 1937. Fotografen er Sturlason.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelder:
https://sceneweb.no/nb/production/76266/Medmenneske-1937-8-31 (Lesedato: 03.07.2020)
https://no.wikipedia.org/wiki/Medmenneske (Lesedato: 03.07.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Ragnhild Hald i Medmenneske

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to