Frå 1700-talet vart det meir og meir
vanleg å legge skifer på taka i Valdres.
Skiferen vart òg nytta til muring, peis,
piper og gravsteinar. Dei største skifergruvene
låg i Øystre Slidre, men det
fanst òg mange dagbrot andre stader
i Valdres. Då Valdres fekk jernbane i
1906, vart det lettare
å sende skiferen
ut av distriktet. Store mengder takskifer
frå Valdres vart nytta både i norske og
andre europeiske byar. På det meste
arbeidde kring 150 mann i den lokale
skiferindustrien.Biletet er frå T. Plesners
fotoalbum. Plesner dreiv fleire skiferbrot
i Valdres kring år 1900.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to