I høve Olav H. Hauge sitt 80-årsjubileum, vart det i mai 1988 laga ein film om Hauge. På dette fotografiet ser vi frå venstre: 1. Jan Erik Vold (diktar) 2. Barn (Ukjend) 3. Barn (Ukjend) 4. Olav H. Hauge 5. Turid Borgen (filmskapar) 6. Hans Eirik Voktor (filmskapar). I Hauge si dagbok kan vi lese den 12. mai 1988: "I dag kom Jan Erik Vold frå Stockholm. Folk frå eit film og videoselskap i Stavanger kom, her skulde filmast og intervjuast i fleire dagar. Rett nok vart det berre litt prat att og fram denne dagen." (1) I følgje same dagbok, reiste filmskaparane tilbake 15. mai. Fotografen er ukjend. Biletet vart skanna hos Bodil Cappelen i 2012, og er i Olav H. Hauge-senterets eige. Skanning og innhenting av informasjon vart utført av Eirik Bergesen Dalen.
Kjelde:
(1) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, femte bandet, side 379
Photo:
Nynorsk kultursentrum
(Opphavsrett)