• Fotografi av steinhuset i Ivar Aasen-tunet. Bygget vart bygd under den tyske okkupasjonen, grunna eit behov for å bevare skatten etter Ivar Aasen på ein tryggare måte. Torvtaket var ferdig til jonsok 1943, i august var golvet ferdig, og like før jul kom det lys i hus. I alt var førtitals arbeidarar i sving. Arbeidet vart leia av Nils Nupen og Asbjørn Barstad. Opninga gjekk føre seg 4. august 1946. I seinare tid har steinhuset vorte ominnreidd fleire gongar. I 1971-73 vart eit rom omgjort til studie- og arkivrom. I 2000 vart steinhuset omforma til eit galleri for kunst.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde: 
Ottar Grepstad: "Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år. Minnebok 30. april 2008", s 19-21.
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Aasen-museet, Steinhuset

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to