• Fotografi av Aasen-museet. Frå venstre kan vi sjå Gamlemuseet frå 1898, Steinhuset frå 1946 og Stabburet, som i dag er den einaste bygningen frå garden der Ivar Aasen vaks opp. Framom bygningane ser vi Storebjørka, som vart felt i 2005. I følgje minnebok for Ivar Aasen-tunet (2008), var bjørka då over 200 år gammal. Fotografen er Lystad.

Det fyrste biletet er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Det andre biletet er eit fysisk eksemplar av det same motivet. Fotografiet dannar framsida av eit prospektkort. På baksida står det: "Ivar Aasens fødestad, Ørsta, Sunnmøre. Varde Forlag, Bergen A-80." Dette fysiske eksemplaret har måla 9,5 x 14 cm.

Kjelde:
Ottar Grepstad: "Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år. Minnebok 30. april 2008", s 9-10.
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Aasen-museet

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to