• Portrettfoto av Tea Kummen (1893-1979) i bunad. Kummen var lærar og barnebokforfattar. Ho har mellom anna skrive "Villvuru" (1931), "Den blå bringeduken" (1933), "Villveng" (1947) og "Tonen frå blåtaket" (1968). Kummen skreiv også mykje i Norsk Barneblad. Ho var oppteken av både målsak og kvinnesak. Fotografen er ukjend. 

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/k/tea-kummen/94/86567/ (Lesedato: 03.04.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Tea Kummen i bunad

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to