• Fotografi av Albert Joleik (1880-1968) saman med kona, Olava Amalie Joleik (f. Hjulstad, 1880-1965). Albert Joleik starta opp dei to nynorskavisene Spegjelen og Fjordaposten. Før dette var han offiser i Belgisk Kongo. Joleik omsette utanlandske og gamalnorske bøker til nynorsk. Han var bygdesogegranskar, og gav mellom anna ut "Sunnfjordsoga" i to band. Det aktuelle fotoet er eit bryllaupsbilete. Det var eit enkelt bryllaup i Nidarosdomen den 23.12.1912. Det er uvisst om biletet er teke på sjølve bryllaupsdagen. Fotografen er Anton Røske, Trondheim.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/j/albert-joleik/93/85783/ (Lesedato: 02.04.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Bryllaupsfoto av Albert og Olava Amalie Joleik

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to