• Fotografi av diktaren, målmannen og filosofen Arne Garborg (1851-1924) inne på Knudaheio. Garborg vert rekna blant dei fremste nynorske forfattarane, og han er kjend for verk som romanane "Bondestudentar" (1883), "Trætte Mænd" (1891), "Fred" (1892), og diktsyklusen "Haugtussa" (1895). Garborg var også engasjert i landsmålsrørsla. Han grunnla avisa "Fedraheimen" i 1877, og var med på skipinga av tidsskriftet "Syn og Segn" i 1894 og avisa "Den 17de Mai" i 1904. I 1913 var han medverkande til skipinga av "Det Norske Teatret". Huset Knudaheio i Time på Jæren, vart bygd i 1898 av Garborg, og nytta som feriestad og diktarstove. Fotografen er Karl Korneliusson Kleppe (1877-1959).

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/g/arne-garborg//90/3943/ (Lesedato: 24.03.2020)
https://no.wikipedia.org/wiki/Knudaheio (Lesedato: 24.03.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Arne Garborg inne på Knudaheio

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to