History
-
"På Kvistad i Hjørundfjord var ei steinkvelbru som knytte saman bygdevegen på sørsida av Bondalen på riksveg 606 (no 655) ca 5 km. ovafor Sæbø. I minneskrift for Hjørundfjord kommune 1838-1937 er opplyst at Kvistad bru var bygd første gong i 1850 og andre gong i 1891. Bileta til denne artikkelen er av brua frå 1891.
Som bileta syner hadde brua 3 kvelv, det største med ca 10 m breitt vassrom. På øvre side var tilbygd «isbrytar» på steinkar. Kven som bygde brua ligg det ikkje føre opplysning om i vegkontoret sitt arkiv. Trulig var det, som i ymse andre bygder, eit interesselag av dei som hadde bruk for veg- og brusambandet, som gjorde arbeidet under leiing av arbeidskunnig formann.
I 1891 søkte oppsitjarane på Hustad og Mo om at vegen fra Hustadvik til Kvistad bru vart offentleg veg, men Hjørundfjord heradsstyre gjorde vedtak med 7 mot 5 røyster om ikkje å imøtekome søknaden.
Etter søknad i 1913 gjorde heradsstyret om at vegen fra Hustadvik over Kvistad bru til hovedvegen i Bondalen vart oppteken som offentlig bygdeveg så snart vegen var godkjent av vegstyret. Vegen kom same år med i den nye rotdeling som vart vedteken av heradsstyret 5. november 1913 og godkjent av vegstyret 31. mars 1914.
I 1948 bad heradsstyret om at vegstellet kom med plan og kostnadsoverslag for vøling av brua. Men det synte seg at brua ikke kunne vølast slik at ho kunne verta fullt tenleg for trafikken. Det vart så reist spørsmål om brua kunne verta ståande som eit kulturminne om det vart bygd ny bru, men ein rådde ikkje over midlar til restaurering av den gamle brua på same tid som kommunen tok kostnader med ny bru. Steinkvelvbrua stod dertil på den laglegaste og minst kostesame staden for brubygging, Den gamle brua måtte således falle, då den nye vart bygd i 1955."
(Kilde: Artikkel i Veg og Virke nr. 4/1979 «Steinkvelvbrua på Kvistad i Hjørundfjord». Forfatter: Bjarne Rekdal)
"Bru-kvelvingen vart sprengd med ei dynamittladning jonsokdag i 1954."
(Kilde: Hjørundfjord kulturvernelag, Hjørundfjordportalen, 2006)Fotografering - ukjent tidspunkt
- FotografUkjent fotograf
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 15-F-00602
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedFebruary 1, 2020
- Date updatedNovember 11, 2021
- DIMU-CODE021018504666
- UUID2575b661-8213-4802-a10b-a952bff3b00d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».