Skuleborn på tur til Knudaheio i 1930. Dagny Tyse var lærar. Ho hadde fått 10 kroner av Dr. Erling Eriksen på Bryne til å kjøpa noko godt for men det måtte ikkje vera snop. Så vart det kjøpt eit spann mjølk frå Undheim Meieri og ein pose epler. Nokre av borna hadde ski med seg men dei fleste hadde nok ikkje råd til noko slikt på den tida.
Framme frå v. : Lars Helland, Gustav Otto, Sigrid Garborg.
Bak frå v. : Rebekka Fjermestad, Tordis Høyland, Ingeborg Pollestad, Per Kaastrup, to ukjende, Ester Bryne.
Photo:
Tyse, Dagny
/
Jærmuseet