Elevar ved Frøyland skule med lærar Endre Lende i midten. Namnelista er mangelfull, men desse har vi: Anna Lomeland, Kristine Njå, Serina Njå, Regina Frøyland, Betuel Kalberg, Berge Frøyland, Jonas Abrahamson Fjermestad.
Etter utlysing i Jærbladet 27.7.2001 fekk vi denne tilbakemeldinga : nr. 2 f. v. i fremste rekkje er Kristine Olsdtr. Njå (1883 - ) g. m. Lars Carles Søyland. Heile familien med untak av ei dotter emigrertre til Canada i 1927/1928.
Dette er same biletet som står i boka : Bilete frå Time s. 138. Der står det: Frøyland skule 1893/1894. Skulehuset låg på Ægro (Njå) og vart bygd i 1867 for det som då heitte Kverneland krins. Huset vart flytta til Frøyland i 1888. det brann i 1914.. Dette er same bilete som 1988.5.TIM8.001.
Photo:
Ukjent
/
Jærmuseet