Pinn-Ola (1866-1944) står her på eigendommen til Sven Tollaksen. I bakgrunnen løa til Sigvart Horpestad.
Biletet er teke av Jarluf Stensland som då var i lære hos møbelsnekkar Lura på Reevegen. Pinn-Ola kom ofte til verkstaden og sette seg i kråa ved "lim-ogen" for å verma seg og så kom Brita Lura med kaffi og kveitekaga til han.
Pinn-Ola fekk emne til pinnane sine hos Lura. Av og til fekk han norsk eik som er hard å smi i og det lika han ikkje. Han hadde namn på alle pinnane sine som til dømes : Anna, Kari, Sevrine og liknande. Nokre hadde stygge namn. Han lukta på pinnane og sette dei saman som eit puslespel. Han snakka med dei : "Du Anna kan vera på toppen i dag" ----
Photo:
Stensland, Jarluf
/
Jærmuseet