Direktørvillaen vart først kalla Dr. Peterssons villa, men i ettertid og på folkemunne er huset omtala som Brucevillaen. Direktør Bruce og familien flytta inn omkring 1915 og budde ...
Direktørvillaen vart først kalla Dr. Peterssons villa, men i ettertid og på folkemunne er huset omtala som Brucevillaen. Direktør Bruce og familien flytta inn omkring 1915 og budde her fram til 1953. Bruce var administrerande direktør for Odda Smelteverk AS i 38 år, og det var han som var opphavet til namnet "Bruce-villaen" og "Brucehagen" i Odda. Etter Bruce vart O. Hafnor. direktør og fekk oppgradert huset. Han gjekk av som direktør sommaren 1961. Neste direktør, Gunnar Evertsen, budde alt i Odda med familien og ynskte ikkje flytta inn i Brucevillaen. Frå 1961 vart det største huset som Odda Smelteverk eigde i Almenningsvegen på Toppen, direktørbustad. Harald Rosengren og familien hadde budd der før.
"Venter på riving". I 1962 vedtok styret for Odda Smelteverk AS å riva huset. Huset var sterkt oppgradert under direktør Hafnor si tid på 1950-talet. Men tida var likevel gått ifrå huset som ein attraktiv familiebustad. Brucevillaen vart riven i 1963 og gav plass til mange nye bustadar; to nye villaer / direktørbustadar og mange rekkehus-leilegheiter.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».