Kvifor kom eg til Li ved Hylsfjorden?
Nokre somrar i sekstiåra var eg slåttekar hos Knut og Marta Mokleiv i Vikane ved Suldalsvatnet. Det er gardsturisme der nå.
Påska 1968 var e ...
Kvifor kom eg til Li ved Hylsfjorden?
Nokre somrar i sekstiåra var eg slåttekar hos Knut og Marta Mokleiv i Vikane ved Suldalsvatnet. Det er gardsturisme der nå.
Påska 1968 var eg uheldeig og brekte foten i slalombakken, og brotet var så pass komplisert at eg måtte gå heile sommaren på krykker med gipsa fot. Skulle tru at sommaren blei øydelagd, men tenk det.
Var velkomen til eit lite sommaropphald hos Knut og Marta sjølv om eg ikkje dugde til slåttekar.
Krykka meg inn til Kolbeinstveit og vart kjend med Peder Heskestad som mellom anna ga meg ei bok med blanke ark og sette meg til å registrere saker og ting . Nokså amatørmessig. Dette kjennskapet førte altså til at eg blei med til Røynevarden på tåkedogne . Lars Våge henta oss med skyssbåten sin. Me var innom i Bråtveit og fekk med Johan Veka, så fekk eg oppleva ein dag saman med han også. Oppafor Røynevarden ligg det ein neddotten husmansplass som heiter ”Vena Lio”. Peder tok meg med opp dit også. Eg krykka etter som ein røysekatt opp gjennom urdaholene.
Li.
Li var jo sagnomsust etter at Arne Fjørtoft hadde vore der og stadig intervjua Odde via telefon på NRK om hendelsar og årstidenes gang, så eg hadde lyst til å sjå. Blei kjørt til Tveitane og krykka innover på stien. Vel framme åpna dette pittoreske langtunet seg i denne solhellinga seg for meg. Blåklokker i graset, ei kjelde sikla stille ved eldhusveggen , katten låg samankrulla på ein stein og sov. Stille.Ikkje eit menneske å sjå. Hans Fredrik Gude ville også blitt fjetra!
Tusla meg gjennom tunet og nedi ein bakke såg eg ei kvinne. Ho var sommarbrun, hadde blå solbleika kortbukse og like solbleika raud bluse der ho gjekk i naturenga og slo med stuttorv. Her var det eit nasjonalromantsk ikon for mine auge. No kunne Adolph Tidemand også kome.
Eg helste på og spurde om å få ta eit bilde mens ho slo. ”Nei, du får heller ta eit bilde når eg røykjer”,det var Liv på Li. Ikonet fekk ein snert av humor og reality, og eg var seld, men tok ikkje røykebildet. Skulle vore kjekt og hatt nå. Ho var nøye på å ta med seg sneip og utbrend fyrstikke, ingenting skulle kastast i naturen.
Eg blei vel ei natt eller to og fekk bli kjend med Odde, som Kjell Aukrust ville hatt stor glede av å vere saman med, og Valborg som var den trauste stillfarande av dei tre.
Slåtten gjekk unna. Dei hadde hest, som dei bakte eige brød til, hesteskjeve. Høyet blei kjørt inn på meiaslede, julet var ikkje kome til Li ennå.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».