Harang-setra i Surnadal. Foto: Hans Hyldbakk, Surnadal
Frå boka "Setrane i Surnadal" av Hans Hyldbakk, 2.utg. 1998:
"Harangsgardane hadde bra buhamn austover Skarpdalen, og her har dei sikkert setra frå gamalt av. I 1723 heiter det at ...
Frå boka "Setrane i Surnadal" av Hans Hyldbakk, 2.utg. 1998:
"Harangsgardane hadde bra buhamn austover Skarpdalen, og her har dei sikkert setra frå gamalt av. I 1723 heiter det at Heimistua og Nestua åtte seter ilag ei halv mil til fjells i sør, og dette kan vel stemme også for vår tid. Men dei to gardane hadde i seinare tider kvar sine seterhus. På denne setra var Rannei Nilsdotter Harang, kona på garden, seterdeie i 20 somrar. Ho tok til i 1926 og var her til og med siste seterferda i 1947. Det gjorde skift på med gjætargutane gjennom så mange år. Den siste var Per N. Røv, Solberg, som året før var gjætar på Nestusetra. Det gamle seterskjelet står framleis på stølen, men fjøset er no (1971) nokså falleferdigt. Dei siste åra hadde også Bortistua og Nygarden i Moen krøtera sine her".
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».