Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Tradisjonell stove frå garden Skattebu, gnr. 39, bnr. 1, i Øystre Slidre. Bygd tidleg på 1700-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i ...
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Tradisjonell stove frå garden Skattebu, gnr. 39, bnr. 1, i Øystre Slidre. Bygd tidleg på 1700-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1923. Einetasjes raustestove, det vil seia at det ikkje er himling i taket. Akershusisk planløysing med opphaldsrom, vasskleve og sengekleve. I vasskleven oppbevarde dei kjøkenreiskapar og vatn. Opphaldsrommet var kombinert kjøken-, sove- og arbeidsrom. Tradisjonell innreiing med matskåp, roskåp, bord, benk, seng, peis med sup og fatskåp."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"Skattebustogo frå Rogne i Øystre Slidre er truleg frå ikr. 1725, kan hende noko eldre. Det er ei raustestoge, innreid på gamal gjerd. Frå v.-h.: matskåp, høgsæte, matbord, roskåp, benk, krakk, stogeklokke, seng, peis med sup og vedro. Over bordet ei hengjehylle. Frå raust til raust går det to vaglåsar. Oppå dei emnestre til turk. På peisstabben telgde dei til emnetre. (...)"
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Skattebustogo stod på Nordre Skattebu. Ho var selt til Valdres Bygdesamling den 28. okt. 1917, for kr. 800,-. Men fyrst om hausten 1920 kunne formann i Valdres Bygdesamling melde at huset er køyrt til museet. I 1921 er huset tømra opp, men ikkje innreidt. Om hausten 1922 og våren 1923 sette byggmeister Eriksson huset i full stand. Men han slo saman vannskleven og den vanlege kleven til eitt rom. Huset er eit av dei beste hus på museet. Mest gildt er det at det gamle innbuet med matskåp, fatskåp og roskåp er med. Skattebustogo er truleg oppsett ikr. 1725 (...)."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Den akershusiske stova: Den vart kalla slik av Eilert Sundt då han serleg fann henne innanfor det gamle Akershus stift. Typen breidde seg ut over heile Austlandet og har og funne vegen til Valdres, der ho går att i dei fleste stovebygningar opp gjennom 17- og 1800-åra. Det som kjenneteikner denne plantypen, er plasseringa av inngangsdøra. Stova har her inngang rett frå svala, dermed vart det uråd å nytta huset betre, med det ein får brukbart rom der gangen låg [samanlikna med byggeskikken før - meir om den: sjå Kårbygning frå Kvie]. Dette romet kan vera slått saman med klæven til eitt rom i heile husbreidda, slik som Skattebustova frå Ø. Slidre, frå ikr. 1700, no står. Det kan og vera to klævar ved sida av kvarandre, slik som Skattebustova var opphaveleg, og slik som dei fleste stover frå denne tida er innreidde. Romet nærmast inngangsdøra vart gjerne kalla vassklæven. Innreiinga i denne typen fylgjer stort sett det gamle skjemaet, men plasseringa av inngangsdøra fører med seg nokre endringar. Ser ein planen på Skattebustova, har ein eit fatskåp i kråa på veggen mot klæven. Ellers fylgjer i rekkje på same langveggen som inngangsdøra: framskåp, høgsetet, kråskåp, og vidare langs gavlveggen: fast benk med langbord, klokke og seng for husbondsfolka i kråa mot langveggen. Vidare på indre langveggen har ein vogge, oppslagsbord og ropeis. Peisen er her trekt fram frå veggen. Peisen er av kleberstein med lyspeis (sup) og serskilt røykavtrekk. Klebersteinen fekk ein frå brot i Beito i Ø. Slidre. Ein hoggestabbe høyrte og til inventaret. Taket i Skattebustova er sperretak med kraftig mønsås og sideås under kvar takflate. Sperrene er årsak til eit svært trykk på langveggene. For å halde dei saman er det ei slind felt inn under øvste stokken i langveggen (veggbandstokken eller raftlægja). Til avstiving av gavlveggen er det og to langsgåande vaglåsar (Sør-Valdres: slinner). I desse langsgåande vaglåsane heng ei hylle som vert kalla bordkruna eller hengjehylla. Nova er hesthovudnov. Golvet er av breie bord. Svala er bygd på den måten at det er lagt ut svill i framkanten av grunnmuren. Svillene i sideveggane er kamma over denne. I kvart hjørne rir ein stolpe over svilla. Nedfelt i stolpen ligg på kvar side ei sperre som ber takåsane. Ei utskvelping i kvart sperrehovud ber takrenna. Berre portalen har takrenne. Sideveggane er tette, medan frontpartiet har berre ein brystning av breie bord med profilerte lister over. Golvet er av breie plankar, opptil halvmeteren breie."
Frå innberetning om Valdres Bygdesamling til Riksantikvaren frå kunsthistoriker Domenico Erdmann av 22. august 1922, under 413 i Valdres Folkemuseums husarkiv (kopi frå arkivet til Riksantikvaren. Illustrasjonane manglar i V.F.s arkiv): "Skattebo-stuen, der skal være et saakaldt "livaure" (=livøre, føderaar eller Kaarbygning) er en typisk Valdersk røstestue fra slutten eller siste halvdel av 18. aarh. Det betegner den almindelige bygningstype, fra den tid, i Valders: en stor stue med aapent røst og peis, og kammers (opdelt i 2 rum) i den ene enden av bygningen. Bygningen er lavtet, utvendig slethugget tømmer, indvendig senere klædt med umalt rupanel. De tynde sper hviler paa 2 takkasser, og pralelt med disse er der 2 fritløpende bjelkedragere der sandsynligvis har baaret en senere himling (se tgn.1). Hengehylde under den eneste strækbjelke. Rikt profilerte gerikter og intakt bemalte dører og skap i jordrødt og grønblaat. Vinduerne er blaa. Dørernes jordrøde rammefarve er dekoreret med et stilisert træaare-motiv i mørke nesten sorte toner. Dørfyldingene er marmoreret med skymotiver i grønblaat og lysere toner samt et mørkt horisontalt parti nederst (se tgn. 4). Skapene, som er malet med samme farver, er datert "Ole Andersen Berit Halvorsdatter Skatteboe 1857" og har det for Valders eiendommelige landskapsmotiv med avdelingskuplede trær (som prækestolshimling og korvæg i Ulnes kirke, Hafftonbygningen og mange skap omkring i Valders). Men disse skap er senere end bygningen og malingen hører til det sidste av denne type. I det store rum som optar mesteparten av bygningen er en meget vakker klebersteinspeis med "Sup" - lyspeis med avtræk (se tgn. 3). Den ene av dørene ind til det midtre rum, eller kammers, er paa den ene side umalet labankdør (kenisk, profilerte labanker), paa den anden side er der lagt rammer som den tilsvarende 3 fyldingsdør. Mellem dørene ind til kammerne er et saakaldt "børstehus", og i den ene av disse er et vægskap i selve tømmertykkelsen. Kammervinduets midtport er firkantet med konstuktiv profilering (se tgn 4). I suten hvor vindussprosserne er sjelden elegant profilert, er midtposten avrundet (tgn. 3). Ved opsætningen er der skiftet ind nogen nye stokker der stikker vel meget av baade ved sin ringe kvalitet og dimensioner. Den lyse trefarve kan med lethet dæmpes, men det er vigtigere at man præparerer det mot jordslag og fugtighet (understokken). Indvendig er der endel nye belistningsvord som bør dæmpes med syre og farve."
Frå Knut Hermundstads "Valdres Folkemuseum i 50 år" (1951):
"Den 28. okt. same året [1917] var det nytt styremøte i bygdesamlingi. Her godkjende styret innkjøpet av Skattebu-stogo for kr. 800 (...)"
Frå heimesida til Valdresmusea per 7. juli 2015:
"Skattebustogo er ei tradisjonell raustestogo frå 1725. Huset er frå garden Skattebu (gnr. 39, bnr. 1) i Øystre Slidre, ein etter forholda stor gard i Valdres. Skattebustogo var bustadhus fram til 1898. I perioden fram til 1920 vart huset nytta til slakting, ysting og som snikkerverkstad. Skattebustogo vart kjøpt av Valdres Folkemuseum i 1917 og oppsett som utstillingsrom i 1923. Hustypen fylgjer den akershusiske stoveforma med opphaldsrom og to klevar. Inngang frå svalet direkte inn i opphaldsrommet, som har fungert som kjøken, soverom og arbeidsrom. Husa på denne tida var fleirbruksrom og romma fleire funksjonar. Romma innanfor opphaldsrommet er kleve og vasskleve.
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».