Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå Ni’igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Bygd ikring 1700. Omvølt med påsett sval og ei ekstra høgd i 1849. Tradisjonell rom ...
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå Ni’igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Bygd ikring 1700. Omvølt med påsett sval og ei ekstra høgd i 1849. Tradisjonell romløysing med opphaldsrom, vasskleve og sengekleve. Innreiinga i opphaldsrommet, eller framme, som dei sa, er tradisjonell med matskåp, fatskåp, roskåp, bord, seng og peis med sup. I vasskleven er det hoggestabbe for kjøt, kinne, kjerald, trau og potetkvern. I andre høgda er det sal, gjestekleve og kleve for oppbevaring av klede. Salen vart også brukt til undervisningsrom for omgangsskulen. Søre Kviisbygningen vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. Kviistunet: Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde også 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i perioden 1600–1850. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. På Valdres Folkemuseum framstår Kviistunet som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvie, og er plassert lenger ut i utmarka."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Kviisbygningen (søre) stod på Kvie, g.nr. 96, br.nr. 5. Då bonden, Andris Torsteinsson Kvien, hadde krævt utskifting og denne vart halden, laut han flytta ut frå tunet sitt. Dei gamle, sermerkte husi baud han V.F., om det ville kjøpe dei. Form. for V.F. skreiv så til fyrstearkitekt på Riksantikvariatet, arkitekt Halvor Vreim og spurde kva han meinte: "Til Riksantikvariatet, herr arkitetekt Halvor Vreim! Valdres Folkemuseum har frå Andris Kvien fått tilbod om å få kjøpt alle husi på garden hans saman med mykje av innbuet. Dette er altså garden nærmast kyrkja. Garden har to tvihøgda stogor som står jamsides med raustet nedetter noko mot kyrkja. I enden på det eldste huset står eit gamalt tvihøgda stabbur. No veit me at De har sett på husi. So vidt me kan skjøne skriv husi seg frå fyrsten av 1800-talet og er typiske for denne tidi. No spør med: Er husi og tunet så karakteristiske at me skal freiste å få dei til eit gardsanlegg på museet? Me laut då setja dei opp att nett som dei står med same fråstand mellom husi. Kan me gjerne rekning med at Riksantikvariatet vil godkjenne at husi vert flytte til museet. Leira st. den 12. juni 1951. Med vyrdnad for Valdres Folkemuseum Knut Hermundstad." Svaret: HV/ER. Valdres Folkemuseum herr form. Knut Hermundstad, Leira st. Husene hos Andris Kvien, Hurum, Vang, Valdres. En er kjent med at utskiftingsforretningen for Kvien-granda forutsetter at husene i det gamle tunet fjernes. Spørsmålet om å bevare dem der de står, er drøftet på stedet i 1948. Av naturlige grunner førte det ikke frem. Men de to stogene, buahuset, fjøset, tørrstogo, smie* og kvernhus* (*båe desse hus eksisterte ikkje, K.H.) er så karakteristiske for byggeskikken i Hurum og Vang, for tiden nærmest etter 1800, at de burde reddes. Etter min mening ville det være naturlig at V.F. tar hånd om de ni* (* det vert berre 6-7) stort sett godt bevarte hus. Når unntas fargene i dagligrommet, "nordre" * (*skal vera søndre, K.H.) stue så å si helt inntakt med faste inventar og peisen på plass. Søndre (*skal vera nordre) er derimot forandret i siste halvpart i forrige århundre, slik at den i seg selv ikke har en framtredende verdi, men den inntar en viktig plass i tunmiljøet og bør derfor ikke skilles fra det. Da stuen isolert ikke er en utstillingsgjenstand av særlig betygning, vil den kunne anvendes til bolig for en vaktmester eller framtidig konservator. Husets ytre behandles, så det får en riktig karakter. Plasseringen av husene på Kvien bør gjentas på museet, hvor en ogsaa bør velge en plass med et fall i lendet som svarer til originaltunets. Oslo, 20/9-1951 Ærbødigst Halvor Vreim. Den 3. mai for heile styret i buss opp til Kvien og såg på husi. Og desse fann at V.F. burde sikre seg husi, slik som Vreim hadde halde fram. Torsdag 19. mars 1953 haddde styret møte med Andris Kvie og vedtok å kjøpe husi hans og innbuet etter denne pris: Kvar av bygningana kr 5000. Stall, låve, fjøs og andre hus for kr. 3000. For alt innbu kr. 1000, i alt kr. 14.000. Det vart betalt etter kvart som museet tok husi. Då museet straks kjøpte gamlestogo til Eivind Kvien, vart det vedteke å setja den på plassen til Nordre Kviens-bygning, og så setja oppatt denne til konservatorbustad nær den vanlege vaktstogo. Dette vart, antikvarisk sett, eit godt vedtak. Birgit Bø laga så teikningar av alle husi til Andris Kvien, saman med grunnplanteikning. Søre Kviisbygningen med buahuset fekk V.F. ikkje råd til å flytta før 195?. Bråten og Breiset tok på seg arbeidet. Museumsstyraren var i 1957 på Kvie og arbeidde ut byggjeutgreiing for alle Kviishusi. Det var noko av det siste han gjorde for han slutta på museet hausten 1958.
Søre Kviis-stogo er omlag 8,6 m lang, 5,6 m brei. Svali er påsett 1849 etter innskrifti over utdøri. Men stoga er eldre, truleg bygt ikr. 1750-1800. Ho har ei tid vore brukt utad sval. Oppgongen til andre høgdi har då vore i vasskleven. Troppi har kome opp i pløggekleven i 2. høgdi. Golvet syner greitt dette. Frå gangen eller svøle kjem ein inn i det store kjøkenet eller framme i støga. Her er peis. Frå h.-v.: framskåp, langbord med bordklakk, klakkekasse og seng, over bordet er hengjihylle, vidare under høgsætglaset høgsætebenk. Til v. for utføri står eit fin fatskåp. Døri mellom svali og kjøkenet er ny. Den gamle døri selde Andris til ein bymann Mortveet, som har hytta øva Kjørlie. Ved peisen er ei vegghylle. Frå framme går dør inn i klevin. Dette var gjesterom. Her står det fint skattold. Veggene er bordkledde med gamle, ulike breie, handhøvla bord. Klevadørene er gamle og sermerkte. Jamsides klevin er vassklevin. Frå svali går det tropp opp i andre høgd. Romet over kjøkenet eller framme er uppåstøga. Her står eit fint rosemåla skatthold. Alle vegger i alle rom her er bordkledd med fine handhøvla ulike breie bord. I himlingi er det litt skråtak, til båe sider. Alle glas er med småe ruter. Alle dører er gamle og sermerkte. Frå uppåstøga går dør inn i den fine sengjiklevin. Jamsides denne er pløggeklevin. Her er det tømmervegger så nær som mot sengeklevin. Her er det bordvegg. Utdøri er tvidelt. Mellom klevadørene uppå støga og nede er det i veggen ein pilestall med rosemåla dør i den øvste. Alle skåp er rosemåla av vestreslidringen Knut i Skøren. På skåpi står Knut Andersen, Marit Tosteins-Datter Quien 1865 eller og berre forbokstavane. Knut var fødd 1828, Andris, far hans, var f. 1781. Klakkekassa har bokstavane "A.Ø.S.R.K.D" "18 Quien 43". Det tyder Anders Øysteinsson (Holene) og Ragnhild Knutsdotter (Gryte). Dette var for til Kvien, som var fødd 1781. Alle Kviis-husi, så nær som Kviisstoga og Kviistørrstoga, høyrde til Kvie, g.nr. 96, br.nr. 5. Kvie er eit vin-namn, og såleis truleg frå ikr. Kr.f.-400-600 e.Kr. På Kvie bodde ...mannen Elling på Kvie. Dotter hans, Ragnhild, var gift med Baard på Rein. Ein av sønene deira var Skule Bårdsson, som i lang tid vart fostra på Kvie. Elling har nokså sikkert bygt Høre stavkyrkje. Sjå Valdres Bygdebok II s 322-324! Kvie var ei tid skysstasjon."
Frå 413 Kvie i husarkivet til Valdres Folkemuseum:
"Etter opplysningar nedskrivne av Knut Hermundstad er skåpa i Kviisbygningen måla av vestreslidringen Knut i Skøren. Rette namnet hans var Knut Andreasson Brandt (1818-1886). I Valdres Bygdebok er han omtala som Knut Eriksson Skåren, men det er feil. Etter Tora Einang og den boka om Brandt-ætta som er utkoma i Amerika lyt denne Knut vere son til Andreas Brandt. Han gifte seg med Gjertrud Eriksdotter Skåren, ein plass nær Kræmarhaugen, og bodde der. (...) Knut hadde ein farbror som var kunstmålar, og kom slik bort i rosemåling. Han har mange arbeid etter seg i Slidre og Vang. Han hadde fin fargesans, og var utifrå god til å måle skrift med pensel. Han måla mykje i bygdene her fram mot 1880. Han har og måla mange hus i Slidre og Vang. (...) (Sonja Innselset , 11.09.1984)
Biletet frå oppføringa av Kviisbygningen på Valdres Folkemuseum er henta frå arkitekt MNAL K. Sukke si artikkel: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964).
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».