History
-
Den 11. februar 1924 stifta belgiske Compagnie Royale Asturienne des Mines DNZ - Det Norske Zinkkompani AS. I lokalavisa kunne ein lesa: "De skal fabrikere og selge elektriske, metalurgiske og kjemiske varer og vil bygge eller leie fabrikker. Kontoret er i Tyssedal. Aksjekapitalen er to millioner kroner. Styret er advokat Gamborg, Kristiania, Gustav Brusgaard, Paris og Francis Lecouevre, Paris med varamann Joseph Habig, Tyssedal".
Det vart sett i gang prøvedrift i halvteknisk skala i det tidlegare legeringsverket i Tyssedal. Arbeidshøva var vanskelege og det oppstod betydelege tekniske problem og mange ulukker. Verket som på folkemunne heitte "Hardanger elendige Jern og Slaggverk" var opphaveleg eit jern- og stålverk bygd i 1910. Etter eitt år med prøveproduksjon etter den elektrotermiske metoden, som til saman gav 4000 tonn zink, vart anlegget i Tyssedal rive. Likevel såg selskapet framover. Den 24.11.1924 tok Zinkkompaniet over eigedomar på Eitrheimsneset som AS Tyssefaldene hadde kjøpt av Jakob Haldorsen Eitrheim i 1911. I januar 1925 jobba over 100 mann med bygginga på neset. Anleggsarbeidet vart stoppa allereie same året. Planlegginga hadde vore for dårleg. Fagfolka kom etterkvart fram til at den beste måten å produsera zink på, ville vera den elektrolytiske måten. Anleggsarbeidet starta opp att i 1927.
Fotografering: 1961 - 1963
- FotografLøyning, Nils (1909 - 1993)sikker
- History
Frå Kolltveit: Odda, Ullensvang....:
son åt lærar Olav Nilsson Løyning (1885 - 1965, frå Seljestad, bruk nr.3, pl nr.1), og Sigrid Jakobsdotter Løyning (1888 - 1960, ho var frå Stuane). Foreldra kjøpte Stuane nedom Minne i 1915, der Nils vaks opp, som eldst av fire. Søskena var: Jakob, Oddmund Birger og Sigrid. Nils vart gift 28.08.1933 med Marta Thorvik frå Jondal. dei fekk eit barn, Sigrid i 1934. Gift 2.gong med Judith Pedersen (f. 1918). Nils Løyning var arbeidsformann på Norzink. (sjå og Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid)
Fotograferte mykje, mest på strekninga frå Hardangervidda, gjennom indre Hardanger til Haukelifjell. Mange av motiva hans er blitt solgt som postkort. NVIM har ei stor samling etter Nils Løyning
- Adresse,Norge Hordaland Odda Røldal
- ProfessionArbeidsformann på Norzink og fotograf
- GenderMann
- NationalityNorge
- DigitaltMuseumSearch in «Løyning, Nils»
- History
References
License information
Metadata
- Identifieri-nil-466
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedApril 24, 2018
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE021017780945
- UUID4b815a3b-0dd7-4ae6-a462-bde7031e35ff
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».