History
-
Den 30. september 1917 stengde Hotel Hardanger etter sin siste sesong, og den 15. oktober 1917 overtok kommunen den nye eigedomen sin, der innflyttinga tok til litt etter kvart. Utvendig vart det teke ei sanering i 1927, då tårn, verandaer og altaner vart nedrivne. Samstundes fekk bygget ein rustraud farge som skulle løyna skiten betre enn den ljosgule. Seinare fekk rådhuset den grågule fargen att.
Etter at nye Odda rådhus vart bygd og stod ferdig i 1957, gjekk utflytting og forfall på det gamle rådhuset hand i hand fram til 1974. Sjøfløyen vart riven i 1973, og dermed var den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstod som noko amputert. Det ein gong så stolte bygget var no eit trist syn mot kva det hadde vore, og stemninga for riving vart større. I aller siste liten vart det gjort eit krafttak for å berga det tradisjonsrike bygget for ettertida. Ein fekk tilskot frå Norsk Kulturfond til utarbeiding av ein plan for restaurering og framtidig bruk av rådhuset. Arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker arbeidde ut restaureringsplanen. Kostnadsoverslaget lydde på ca. 5 millionar kroner.
Men med 27 mot 17 røyster vedtok kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) straks skulle rivast. Høyer-Ellefsen A/S tok på seg jobben for kr. 400 000.
Den 8. november 1976 tok dei til med rivinga av rådhuset og i juni 1977 var det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.På dette fotoet ser vi at det heng klesvask ute. Då bygget var rådhus, budde det også mange familiar her. I austfløyen av huset (lengst frå sjøen) var det to vaskekjellarar etter hotelldrifta. Grytene for varmt vaskevatn og kokvask blei lenge fyrte med ved, har Odd Slåttelid (f. 1924) fortalt. Han var med mora Sigrid i vaskekjellaren. Kleda blei ofte vaska i balje med vaskebrett og etterpå skylte i støypte vaskekar med vasskranar over. Etterpå var det å henga opp på klessnorene som var ut for sydenden, mot Grindheimsfjøra, har Slåttelid fortalt. Når tørkeveret var dårleg ute, var det tørking på tørkeloftet etter hotellet.
Eierskap
Fotografering
- FotografWilhelmsen, S.antatt
License information
Metadata
- IdentifierI-09782
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 8, 2018
- Date updatedFebruary 16, 2024
- DIMU-CODE021017665659
- UUID9201a440-c5f7-4f36-8af3-31e8f53fc267
- Tags
1 comment
Einar Ohm, August 24, 2018
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».