Sjenking av dram ved gjennomslaget i vasstunellen frå Bråtveit til Lauvastøl i Kvilldal. Bildet er teke rett etter ferien i 1981. NVE dreiv sjølv 5 kilometer tunell frå Lauvastøl m ...
Sjenking av dram ved gjennomslaget i vasstunellen frå Bråtveit til Lauvastøl i Kvilldal. Bildet er teke rett etter ferien i 1981. NVE dreiv sjølv 5 kilometer tunell frå Lauvastøl mot Mostøl, entreprenørfirmaet Furuholmen dreiv 10 kilometer frå Bråtveit mot Lauvastøl.
Han som sjenker i er nok ein frå NVE. Så følgjer fire telemarkingar tilsette i Furuholmen. Først tunellmann Kåre Slåttedalen frå Bø, så tunellastar Johan Angre frå Flatdal, tunellformann Sigurd Midttun frå Bøgrend og til høgre tunellmann Stein Inge Rinden frå Åmdalsverk.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».