Sovesofa/ sofaseng. Modellnavn: Svane Sofaseng nr. 4.
Produsert av J.E. Ekornes.
Foto og produksjonsår: 1959.
J.E. Ekornes Fabrikker, Sykkylven.
Jens E. Ekornes hadde vore m ...
Sovesofa/ sofaseng. Modellnavn: Svane Sofaseng nr. 4.
Produsert av J.E. Ekornes.
Foto og produksjonsår: 1959.
J.E. Ekornes Fabrikker, Sykkylven.
Jens E. Ekornes hadde vore med å starte Møre Kurvmøbelfabrikk i 1929. Denne verksemda flytta til Ørsta i 1931. I 1934 reiste han tilbake til Sykkylven og starta J.E. Ekornes Fjærfabrikk. Etter kvart byrja han også å lage madrassar og lanserte Svane-madrassen i 1939. Etter krigen starta produksjon av sovesofaer og i 1948 var den populæresenga "Swingbed" lansert. I 1961 vart fabrikken omdanna til aksjeselskap og fekk namnet J.E. Ekornes Fabrikker AS. Dei produerte eit stort utval av salongar, lenestolar, senger, sovesofaer og madrasser.
Konsernet kjøpte opp ei rekke andre fabrikkar og vart etter kvart landets største. Konsernet opplevde ei stor krise sist på åttitalet, men med innsats frå Ekornes-familien, som kontrollerte dei fleste aksjane, snudde den negative utviklinga. Konsernet hadde omlag 1000 tilsette rundt 2010.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.
Hvor mye koster sovesofaen? synes det er vanskelig å se på originale fargen , når nesten alle fargene er svart og hvit ?
amineh,
November 22, 2019
Vi har dette bildet bare i svart-hvitt, så det er vanskelig for oss å uttale oss om fargen på dette eksemplaret. En aktuell fargekombinasjon på denne tiden var gul og grønn - med gul rygg og vanger. Du spør etter hva sofaen koster, mener du hva den kostet i 1959 eller i dag?
2 comments
amineh, November 22, 2019
Eldar Høidal, November 27, 2019