Korgstol. Lett lenestol.
Produsert av Riksheim Trevarefabrikk.
Riksheim Trevarefabrikk starta i 1930 av brørne Martin og Johan Riksheim under namnet J & M Riksheim. I starten held ...
Korgstol. Lett lenestol.
Produsert av Riksheim Trevarefabrikk.
Riksheim Trevarefabrikk starta i 1930 av brørne Martin og Johan Riksheim under namnet J & M Riksheim. I starten heldt dei til i kjellaren i våningshuset i Pegarden på Riksheim. I 1930/31 bygde dei ein fabrikk nede ved sjøen. Dei fyrste åra produserte brørne trepinnar som vart nytta til "kjærlighet på pinne", men gjekk seinare over til møbelproduksjon.
Etter krigen laga fabrikken treverk til møbelfabrikkane Hj. Brunstad Fabrikker A/S og Emco-Møbler A/S.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.