Lysekrone i tré.
Produsert av Ingvald Lillebøe AS.
Foto og produksjonsår: 1943.
Ingvald Lillebøe AS, Sykkylven.
Ingvald Lillebøe var ein av dei som starta Hole & Lillebøe i 1943 ...
Lysekrone i tré.
Produsert av Ingvald Lillebøe AS.
Foto og produksjonsår: 1943.
Ingvald Lillebøe AS, Sykkylven.
Ingvald Lillebøe var ein av dei som starta Hole & Lillebøe i 1943. Dei produserte først lampettar og lysekroner i tre. Bedrifta starta i kjellaren på farsgarden til Olav og Leonard Hole på Tynes. I 1946 flytta dei inn i det nybygde huset til Ingvald Lillebøe og gjekk over på lenestolproduksjon. I 1948 i leigde lokale ved Blindheim Cementsteinfabrikk. Frå 1955 i eige fabrikkbygg på Blindheim. Bedrifta tok i 1978 over det konkursråka Brødrene Brunstad i Velledalen og i 1979 kjøpte dei Stryn Møbelfabrikk. Vart ei av dei store bedriftene i Sykkylven. Måtte melde oppbod i 1974 og gjenoppstod som Nye Hole & Lillebøe AS med produksjonslokale i Straumgjerde. i 1990 gjekk dei i kompaniskap med Slettvoll Manila, Stranda, som fekk aksjemajoriteten. Etter kvart vart mamnet Slettvoll AS.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.