Kommode/ skrivebord/skatoll.
Produsert av Lunheim Møbelfabrikk.
Foto og produksjonsår: 1946.
Ullavik Møbelfabrikk/ Lunheim Møbelfabrikk. (1935-1948). Bedrifta vart opphaveleg etab ...
Kommode/ skrivebord/skatoll.
Produsert av Lunheim Møbelfabrikk.
Foto og produksjonsår: 1946.
Ullavik Møbelfabrikk/ Lunheim Møbelfabrikk. (1935-1948). Bedrifta vart opphaveleg etablert under namnet Formfin AS, men like etter vart namnet endra til Ullavik Møbelfabrikk. Det var Karl Johan Eidem, Jens Andestad, Alfred Aure, Ivar og Konrad Ramstad, Jonas Sandal, Petter Aure, Peder L. Fauske, Elias Vatne og Petter Martin Aursnes som stod for aksjekapitalen. Etter to år vart bedrifta seld til interiørarkitekten Knut Måseide i Ålesund og fekk namnet Lunheim Møbelfabrikk. Då Knut Måseide døydde i 1940 gjekk bedrifta over til broren Johan Måseide. Spesialiteten var småmøblar, men dei laga også spisestover og soveromsmøblar. I 1948 brann fabrikken ned og vart ikkje oppattbygd.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.