Lenestol. Kvilestol med fotskammel.
Produsert av Johan Holmberg.
Foto og produksjonsår: 1946.
Johan Holmberg Møbelverksted AS vart skipa av Johan Holmberg og Karl Ramstad i Sykk ...
Lenestol. Kvilestol med fotskammel.
Produsert av Johan Holmberg.
Foto og produksjonsår: 1946.
Johan Holmberg Møbelverksted AS vart skipa av Johan Holmberg og Karl Ramstad i Sykkylven i 1941. Dei heldt blant anna til i Sykkylven Hotell, i kjellaren til Jens Klokkarhaug og heime hos Johan Holmberg. Dei produserte salongar og lenestolar og var spesielt kjend for ein gyngestol utan meiar. Johan Holmberg flytta til Skodje i 1946 og bedrifta gjekk inn.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.