Bokreol/ skap. Modellnr.: 120.
Produsert av Hatlemarks Trevarefabrikk.
Foto og produksjonsår: 1947.
Karl Johan G. Hatlemark er rekna for å vere ein av dei fremste industripioneran ...
Bokreol/ skap. Modellnr.: 120.
Produsert av Hatlemarks Trevarefabrikk.
Foto og produksjonsår: 1947.
Karl Johan G. Hatlemark er rekna for å vere ein av dei fremste industripionerane i Sykkylven. I 1904 bygsla han ei tomt i Tusvika og bygde fabrikk der. Han produserte i hovudsak vindauge og dører men laga også møblar. Elva frå Tuvatnet vart leidd til fabrikken i ei trerenne og gav trekk-kraft til maskinene. Renna enda mot eit stort skovlhjul som dreiv alle maskinene med reimkoplingar. Garddsoga fortel at han gjekk konkurs i 1905 og reiste over til USA i 1906. Der dreiv han fabrikk i Tacoma i fire år. I 1910 kom han tilbake til Sykkylven for godt. Bedrifta hadde ti- tolv snikkarar då ho var på det mest aktive. I 1939 tok son til Karl, Konrad Hatlemark, over den daglege leiinga. Konrad dreiv fabrikken til han reiste til Island i 1947. Frå 1948 til 1951 dreiv bror til Konrad, Olav Hatlemark, verksemda vidare i same namnet som tidlegare. Etter 1951 vart fabrikkbygget i Tusvika leigd bort.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.