Lenestol. Foto og produksjonsår: 1950.
Produsert av J & A Aure Lenestolfabrikk.
J & A Aure Lenestolfabrikk vart skipa i 1941 av brørne Jens og Alfred Aure. Frå 1946 kom også ein t ...
Lenestol. Foto og produksjonsår: 1950.
Produsert av J & A Aure Lenestolfabrikk.
J & A Aure Lenestolfabrikk vart skipa i 1941 av brørne Jens og Alfred Aure. Frå 1946 kom også ein tredje bror med på eigarsida. Dei laga stoppa møblar av alle slag og hadde seks tilsette i 1953. Bedrifta vart avvikla i 1958. Fabrikken produserte blant anna salongen "Snål"- eit namn som ikkje hadde ein like positiv klang i alle delar av landet.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.