Lenestol. Modellnr.: 530.
Produsert av Tandstad Stol- og Møbelfabrikk.
Tandstad Stol- og Møbelfabrikk/ Tandstad Lenestolfabrikk AS.
Erling Tandstad starta fabrikken ilag med br ...
Lenestol. Modellnr.: 530.
Produsert av Tandstad Stol- og Møbelfabrikk.
Tandstad Stol- og Møbelfabrikk/ Tandstad Lenestolfabrikk AS.
Erling Tandstad starta fabrikken ilag med brørne Karl og Thomas Tandstad hausten 1934. Tandstad Lenestolfabrikk hadde første tida tilhald i ungdomshuset "Vårvon" i Straumgjerde, men allereie i jula 1934 flytta dei inn i kjellarlokala til Martin Starumsheim på Nymarka. Gjekk konkurs i 1937. Erling og Thomas Tandstad tok over ein del av konkursboet og skipa Tandstad Stol- og Møbelfabrikk i 1937.
Fabrikken vart seld til K. Emdal & Co A/S i 1957.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.