Lenestol/ svingstol. Inngår i sofagruppe. Modellnavn: "Fokus". Utførelse: Stol, 3-seter,4-seter og høgrygg( Kvilestol)
Formgiver: Ingmar Relling og Mindor Hjellegjerde. Designår ...
Lenestol/ svingstol. Inngår i sofagruppe. Modellnavn: "Fokus". Utførelse: Stol, 3-seter,4-seter og høgrygg( Kvilestol)
Formgiver: Ingmar Relling og Mindor Hjellegjerde. Designår: 1965.
Produsent: Hjellegjerde Møbler AS. Marked: Norge.
Foto/-og produksjonsår:1965.
Informant: Mindor Hjellegjerde.
Hjellegjerde Lenestolfabrikk AS hadde ein trong start og kom i gong i stova og kjøkkenet i huset til gründeren Otto Hjellegjerde i Sykkylven i 1941. Bedrifta hadde fem medarbeidarar alt første driftsåret. Kvar kveld måtte lokala ryddast slik at det kunne bli sengeplass for familien.
I 1946 stod dei første 500 kvm av den nye fabrikken klar. I 1960 hadde Hjellegjerde Lenestolfabrikk 52 tilsette. Blinken-stolen frå 1956 vart ein stor suksess og møbelbedrifta gjennomførte stadig nye utbyggingtrinn for å gi plass til veksten. Bedrifta tok etter kvart namnet Hjellegjerde Møbler AS. Bedrifta vart ramma av brann i 1981, men ekspanderte likevel raskt i åra etterpå. Etter kvart vart det oppretta produksjonsavdelingar i Stordal, Thailand og Litauen. I september 2008 hadde konsernet 505 tilsette. Produksjonen i Noreg er idag avvikla.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.