History
-
-
Spelemannsfest i Hol
Det fyrste spelemannslaget i Al vart skipa i 1931, men vart berre eit par år gammalt. Nokon bestemt formann var det ikkje, fortel Nils Gjeldokk som var med, men Eirik Breie var kasserar og Sevat Sataøen og Nils Gjeldokk førde møteboka. Sevat Sataøen var instruktør og den som dreiv laget. Då han slutta vart det heller ikkje meir lagsliv før det nye spelemannslaget vart skipa i 1931.
Dei hadde regelmessige øvingar. Sevat Sataøen var ein meisterspelemann med stor slåttekunne. Det var mest eldre som var med, men også to-tre yngre som dermed fekk eit godt grunnlag. Hans Nestegard i Hol var og spelemann og svært ivrig i å halde oppe folkemusikken. Han bad Al spelemannslag opp til seg til ei festleg samkome i 1933 eller 1934. Fotograf Arne Grøvo vart tilkalla og tok m. a. dette biletet.
I fyrste rekkja frå venstre ser me Syver Einarsen med ei fele som Torleif Karlsen hadde laga. Deretter ser me Ola Hågensen, Torstein Olsen med ei Ole Iversen-fele, vidare Louis Noss med Røstadfela, og lengst til høgre Lars Tollefsen. Han hadde ei Gunnar Helland-fele. I andre rekkja står Hans Nestegard og Sevat Staøen. Dei hadde begge Røstadfeler. Aslak Sandestølen, som står framma flaggstanga, laga feler sjølv. Bak fela hans ser med Eilev Stave, deretter Eirik Breie, Torleiv Nestegard, også Røstadfele, Nils Gjeldokk med ei Røo-fele, og lengst til høgre Store-Tolleiv Noss.
Som nemnt hadde dei svære feler dei fleste. Det fortelst at då Gunnar Røstad hadde laga fela til Hans Nestegard kom han like opp til Hol med
henne. Røstad var ein av dei ypperste felemakarar me har hatt her i landet.
Me hadde mykje moro i saman, kan Nils Gjeldokk hugse, og denne samkoma i Hol var festleg. Der vart oppdiska som til det reine gjestebadet.
H.d. 26.11. 1983
Avskrift fra "Gamle Hallingdal"
-
Fotografering - 1930 — 1940
-
Fotograf
Grøvo, Arne E.
sikker
- Adresse, Hol B 3580 Geilo
- Profession Fotograf
- DigitaltMuseum Search in «Grøvo, Arne E.»
-
Aksesjon - 1984
-
License information
- License CC CC0 1.0
Metadata
- Copies 1 Negativ gelatin ("tørrplate"), Svart-hvit
- Identifier HBA.92002-08093
- Part of collection HBA
- Owner of collection Hol Bygdearkiv
- Institution Hol Bygdearkiv
- Date published December 7, 2017
- Date updated March 20, 2024
- DIMU-CODE 021017376633
- UUID 5f61f89e-015b-4589-b24d-61c7acb816b7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».