Motiv av en modell av et storebåtnaust el. åttringsnaust laga av Nils O. Synes, Vigra.
Infromasjon vedlagt:
Bileta viser ein modell av eit storebåtnaust eller åttringnaust. Inventaret er svært interessant, då mykje av det no er gått ut av bruk. Stavverket er samanset ...
Infromasjon vedlagt:
Bileta viser ein modell av eit storebåtnaust eller åttringnaust. Inventaret er svært interessant, då mykje av det no er gått ut av bruk. Stavverket er samansett på ein eigen måte, slik det var gjort i dei gamle nausta.
Lås og lykjel (nøkkel) er av tre og er modellar av eit gamalt naustlås, som Nils har. Låset er bygd etter same prinsipp som yale- låset, og denne typen har vore brukt i mange hundre år. Lykjelen til dette spesielle låset er det som har gitt namn til planta Marianøkleblom iflg. eit foredrag i radio for nokre år sidan av ein botanikk- professor. Han hadde ved eit tilfelle funne eit slikt lås med lykjel i Sunnfjord og ingen andre stader. Den lykjelen hadde skjegg berre på eine sia, men han tenkte seg at der kunne ha funnest lyklar med skjegg på begge sider, og då ville namnehypotesen hans stemme. Den lykjelen som Nils har, har skjegg på begge sider! Nils held no på å bygge ein slik naustmodell.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».