• Kirketjener og graver, Ole Aas.
    Photo: Neste, Nils / Bagn Bygdesamling

Kirketjener og graver, Ole Aas.

1 comment

  • I over 50 år var Ole Aas, eller Aasen som han også vart kalla, både kyrkjetenar og gravar ved kyrkja i Bagn. Han levde frå 1796 til 1878, og vart altså rundt 82 år gamal. Og med i denne spalta kjem han på grunn av kledningen sin.

    Det er opplyst at far hans kom frå eit Tronrudeige – altså ein plass under Tronrud. Ole Aas var gift to gonger, og fekk fleire barn. Sonen Kristoffer overtok som kyrkjetenar og gravar etter han rundt 1870, men det ser ut til at mange i familien utvandra til Amerika på 1870-talet.

    Prest Ole Larsen Kirkeberg har skrive om Ole Aas, og dette er gjengjeve både i boka «Søre Aurdal og Etnedalen» og i «Bagn kirkes historie», og der blir det fortalt at han brukte å koma inn i kykja med dåpsvatn i ein gamal koparkjele. Og det er truleg denne koparkjelen som er med på bildet av Ole Aas. Difor tolkar eg det slik at han framleis må ha vore i arbeid då bildet av han vart teke, og då er me kanskje på slutten av 1860-talet.

    Ole Kirkeberg har beskrive kleda hans slik: «Naar gamle Aasen var iført sin søndagsdragt hadde han sort flat klædeslue, sort vadmelstrøie med store messingknapper, hvergarns vest med blanke metalknapper, sorte vadmelsknæbukser, hvide strømper og røde strømpebaand med store dusker ut til sidene og sko med metalspænder. Han var høi og før av vekst og hadde langt fyldig graat haar der hang ham ned paa skuldrene, han var ringer og graver paa Bagn, og han holdt kirken og kommunestuen i orden. Der blev takt i slagene naar han ringte; ingen gjorde det bedre end han. Naar under gudstjenesten daapssalmen blev sunget, kom gamle Aasen stille og rolig ind ad kordøren med en gammeldags kobberkjel i den ene hannd og sin flate hue i den anden og heldte vand i døpefatet.»

    Når Kirkeberg skreiv at vesten var «hvergarns», så har det vorte tolka til å vera ein vest av verken.

    Ser me på bildet av Ole, så meiner eg luva han held i den venstre handa er det som blir kalla ei talikluve (altså ei tellerken-luve). Det er forma som har gjeve luva namn; det er ei lita luve med rund og flat pull, og med ein liten brem framme.

    Elles er det vel ei ganske typisk sjartetrøye som Ole har på seg på bildet. Det er ei trøye med side flak bak, og som er mykje kortare framme. Langs framkanten er det rekkjer med sju knappar og utanfor den ein fløyelskant. Trøya har kanteband ved ermeopningane og bryningar på ermetoppen. Og sjølv om det ikkje er synleg, så er det truleg ein ståande og fløyelsprydd krage på trøya. Kirkeberg skriv at trøya er svart.

    Han skriv også at Ole Aas hadde verkensvest, og det kan stemme med bildet. Dette er ein dobbeltspent rutavest med fem knappepar. Vestestoffet er ikkje trådrett klypt i framkant, men litt skråstilt utover mot akslene. Vesten har nedbretta slag, og truleg ståande krag. Vesten er halvsid.

    Å bruke knebrok på 1860-talet er eit alderdommeleg trekk – noko også sjartetrøya eigentleg er. Broka har truleg smal klaff, fem knappar ved kvart kne, og rund spenne til å stramme ved kneet. Kirkeberg skriv at Ole hadde kvite sokkar, men dei på bildet ser ut til å vera ein del mørkare med vrang- og rett-strikking, som gjev ein vertikal stripeeffekt.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to