• Familieportrett av Arne og Sidsel Brænden med barn.
    Photo: Ukjent Person / Bagn Bygdesamling

Familieportrett av Arne og Sidsel Brænden med barn.

Tekst på bildets bakside:

" Arne og Sidsel Brænden med huslegd. Sidsel født 1834. Dotter til Hans Islandsmoen."

1 comment

  • Hei. Eg skriv om dette bildet på Fb-sida «Bunader i Valdres» 7. januar 2023, og har då funne fleire opplysningar om folka:

    «RINDUT RUTAKJOLE

    Me er her truleg attende til midten av 1870-talet, til garden Koparvikbrenne under Sørre Øyhus i Sør-Aurdal. Paret er Sesel Hansdtr. Islandsmoen (1833–1909) og Arne Høljeson Koparvikbrenne (1828–1903), eller det kan også hende dei skreiv seg for Brænden. Dei er her fotografert med dei fire barna sine – fremst frå venstre Martin (fødd 1869), og bakanfor Hans (1863–1948), Inger Maria (1861–1931) og Halvor (fødd 1865).

    Einaste dateringa me har på bildet er alderen på ungane, og sidan den yngste vart fødd i 1869, så tippar eg at me er på midten av 1870-talet.

    Karane har på seg rundtrøyeklede, med meir eller mindre lokalt prega vestestoff. Alle har truleg langbrok, og Arne har eit svart tørkle knytt som sløyfe i halsen.

    Kleda til mor Sesel er truleg det mest interessante på bildet: ho har ein «rutakjole» som er horisontalt ganske småstriput (utan hengefald). Ermane på kjolen er ikkje spesielt vide, men ho ser noko «oppstiva» ut over brystpartiet.

    Utanpå kjolen har ho eit einsfarga, mørkt og småmønstra forkle. På hovudet har ho ei tofarga kyse, som er knytt under haka med store slufseband.

    Bildet er henta frå DigitaltMuseum, og med hjelp av Mona Dalen er personopplysningane henta frå «Gard og bygd i Sør-Aurdal» bind B side 413 og 496.»

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to