History
-
-
Eierskap
-
Eier
Bagn Bygdesamling
-
History
Bagn Bygdesamling
I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på garden Islandsmoen. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda var namnevalet naturleg.
Museet har i dag 16 hus med gardstun frå Islandsmoen, telthus frå Vangen på Bagn, og forpaktarbustad frå prestegarden i Bagn. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandselva. Sør for Islandselva fins ein naturstig med skogen som tema. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar. Ei fotosamling på omlag 3500 bilete er òg oppbevara her. Bagn Bygdesamling ligg ved E-16, fem kilometer sør for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune.
- Adresse, Norge Oppland Sør-Aurdal Valdres Valdresvegen 3250 2930 Bagn
- Profession Museum
- DigitaltMuseum Search in «Bagn Bygdesamling»
-
History
-
Fotografering
-
Fotograf
Islandsmoen, Olaus Trondsson (1873 - 1949)
antatt
-
History
Museumsgrunnleggjaren
Olaus Islandsmoen vart "hovdingen" i Sør-Aurdal, sjølv om han det meste av livet budde på Hadeland. Han utdanna seg som lærar , og vart den fyrste framhaldskulelæraren i Sør-Aurdal. Vidare studerte han både jus og filosofi, og i 1902 vart han uteksaminert cand.philos. Denne utdanninga kom han til nytte i skulen si teneste heile sitt yrkesaktive liv. I mer enn 30 år dreiv han Vestoppland Folkehøgskule. Norskdomsarbeid, fråhaldsarbeid og ungdomsarbeid kom til å bli dei sterkaste interessefelta til Olaus. Han engasjerte seg også innan politikk, og frå 1916-18 var han stortingsmann for Venstre. Han vart mykje brukt som foredragshaldar, og han var fleire gonger i Amerika i regi av Nordmannsforbundet. Olaus Islandsmoen vart også ein føregangsmann for å få etablert eit museum på Hadeland. Ungdomslaget "Uppland" var initiativtakar til eit samarbeid, som endte med at det vart danna eit museumslag for Hadelandsbygdene, der Oaus vart vald til styreformann. Dette var eit verv han kom til å ha så lenge han levde. Frå 1918 til 1941 var han varamedlem til styret i Norske Museers Landsforbund, og frå 1941 til 1945 var han fast styremedlem. Størstedelen av tida som styreformann ved Hadeland Folkemuseum, fungerte Olaus også som styrar. I 1952 vart det reist eit minnesmerke over Olaus Islandsmoen på Hadeland Folkemuseum. Sjølv om Olaus budde og virka på Hadeland, var han sterkt knytt til Valdres, heimbygda og barndomsheimen, og det var han som tok initiativet til å få til eit museum på Islandsmoen. Olaus fekk alle syskena med på at alt som hadde vore på Moe, skulle forbli der. På "Søre Moe" låg dei gamle hustuftene, og desse burde bebyggast att. Dette var tankar som far og farbrørne hans også hadde sysla med. Det vesle stabburet på Moe, og den gamle seterbua på Svarttjerneseter - som seinare som seinare hadde tent som bu på haustsetra Smettbak - vart sett opp i 1914 og 1920, som de fyrste museumshusa på Islandsmoen. Om sumarane var Olaus "heimatt" så mykje han kunna, og han engasjerte seg i kulturlivet i heimbygda. I 1938 tala han på eit møte i Hedalen, for å greie ut om museumsverksemd, med tanke på å få til eit museum på Bautahaugen. Han gav mellom anna ut boka "Sør-Aurdal og Etnedalen" og han var svært oppteken av slektsgransking og visste mykje om slekta til bygdefolk, ofte meir enn dei visste sjølve. I 1938 fekk Olaus reist ein murbygning på "Søre Moe", så samlingane skulle få ein sikker plass. I 1939 vart museet gjevi til bygda, og fekk navnet "Bagn Bygdesamling". Då Olaus Islandsmoen slutta som folkehøkskulestyrar i 1939, flytta han til syster si på Søre Øyhus. Som pensjonist, fekk han betre anledning til å arbeide med museet "sitt" på Islandsmoen. I 1948 vart Olaus heidra med Kongens Fortjenestemedalje i gull. Olaus Islandsmoen døydde i 1949.
- Fødested, Norge Oppland Sør-Aurdal Bagn Islandsmoen
- Dødssted, Norge Oppland Gran Brandbu
- Profession Lærer og cand.philos
- Gender Mann
-
- Litteraturreferanse Gard og bygd i Sør-Aurdal, bind B, side 414.
- Litteraturreferanse Vestuppland folkehøgskule, 1906-1935
- Litteraturreferanse Vestoppland folkehøgskole: 1906-1981: 75 år
- DigitaltMuseum Search in «Islandsmoen, Olaus Trondsson»
-
History
-
Placement
References
-
- Litteraturreferanse Norsk biografisk leksikon
- Litteraturreferanse Store norske leksikon
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Copies 1 Positivkopi
- Identifier BV 87-338
- Part of collection Bagn Bygdesamling
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Bagn Bygdesamling
- Date published August 18, 2016
- Date updated September 9, 2021
- DIMU-CODE 021016530968
- UUID fd829d62-bb73-414b-9fe8-4f2e5d5e1501
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».