History
-
Bråtenkongen
Eilef Bråtene (1828-1899) var frå husmannsplassen Bråtene under nedre Sønstebø i Bø. Han var utanom dei vanlege, ein bygdeoriginal, som det elles var mange av før. Han var for det fyrste svært liten av vokster, godt og vel meteren, og dårleg med krefter var det vel, so han kunne ikkje arbeide som andre. Underlege tankar hadde han nok og om litt av kvart, men elles var det ikkje noko i vegen med forstanden.
Han livnærte seg mest ved å dra omkring frå stad til stad med skreppa si og hjelpte folk med å reparere koppar og kar og anna, t.d. paraplyar. Han var også treskomakar og blikkenslagar. Folk kalla han "Bråtenkongen" vel nærmast fordi han var så langt frå det som har med ein konge å gjere og fordi han var ein underleg framtoning. Men Eilef tok det ikke ille opp, han satsa seg med ei skyggeluve med gullband, som liksom skulle vere hans kongekrone.
Men enda han var så liten, blei han da gift med enka, Kari Stafsholt, som var kjent som ei handfast kvinne. Da dei gifte seg i Seljord, gjekk det ikkje likare enn at Kari måtte bere Eilef over dei verste stadene.
Eilef var ein framifrå forteljar. Når han la i veg om tussar og troll og huldrefolk, var det som dei skulle vere livs levande, for han trudde på dette sjølv. Molkte Moe skreiv ned av den rike eventyrskatten til "Bråtenkongen", men ikkje minst var det borna som gledde seg over den uvanlege forteljarevna hans.
Hans "kongeslott" var ei lita hytte med jordgolv i Liheia i Bø. Ein dag i mars månad 1899, da Eilef skulle stavre seg over Bøelva frå Kvennøya på glatte tømmerstokkar og isflak, datt han uti og drukna.
Frå Bø-soga
Det er også ein artikkel om Bråtenkongen i Jol i Telemark 1966.
Fotografering: 1890 - 1898 (ca)
Classification
References
- LitteraturreferanseHenneseid, Stian: Bø-soga, Band III, side 303-305
License information
- License Public domain mark (CC pdm)
Metadata
- Copies1 Positivkopi, Svart-hvit, Original1 Digitalt bilde, Svart-hvit, Sikkerhetskopi
- IdentifierBØBF.84/45/06
- Part of collectionBø museum
- Owner of collectionBø Museum
- InstitutionBø Museum
- Date publishedApril 29, 2016
- Date updatedJanuary 5, 2023
- DIMU-CODE021016402125
- UUIDf3cd4cb7-3b1a-412a-af25-b85cebe3a6a0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».