• Hotellet Bjaar ved Bjaar vatnet
1897
Hotell Bjår
For å utnytte turisttrafikken betre på slutten av 1800-talet, fekk også Tuddal sitt hotell. Hotell Bjaar låg som namnet seier ved Bjårvatn i Tuddal, nærare bestemt på østsida av vatnet, like inntil hovudvegen. Det var ein stor bygning i to fulle etasjar, bygd i sveitserstil som var typisk for hotella på den tida. Nøyaktig byggeår er usikkert, men det var rundt 1890 at Hans og Louise Tjønn starta opp drifta. På hotellet var det skysstasjon og nede på Bjårvatnt skal det ha vore travbane om vinteren.
Hotellet vart stadig utvida med større og mindre tilbygg. I midten av 1890 åra vart hovudbygningen bygd på i den eine enden slik at han vart dobbelt så lang. Dette førte til at verandaen på hotellet ikkje lenger vart midt på bygningen. For i sveitserstil var det vanleg at verandaen sto midt på huset.
I 1898 stod også ein anneksbygning og ny stall ferdig. Annekset stod litt oppe i bakken på andre sida av vegen.
 ::
    Photo: Rua Gullik,1877-1931, Jondalen / Buskerud fylkesfotoarkiv (Opphavsrett)

Hotellet Bjaar ved Bjaar vatnet 1897 Hotell Bjår For å utnytte turisttrafikken betre på slutten av 1800-talet, fekk også Tuddal sitt hotell. Hotell Bjaar låg som namnet seier ved B...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to